H?gskolen i Harstad: Nytilsett professor

Masterprogrammet i ?konomi og administrasjon ved H?gskolen i Harstad vert styrka med tilsetting av professor.
Terje Vassdal er tilsett i s?kalt professor II stilling innan bedrifts?konomi, tilknytta masterprogrammet i ?konomi og administrasjon (siv.?k) ved H?gskolen i Harstad.
Tilsettinga er i 20% stilling og gjeld for perioden fr? 1. januar 2014 til 30. juni 2016, med moglegheit for forlenging.
I stillinga skal professor Vassdal dekkje emnet Analyse av produktivitet og effektivitet, i tillegg til ? ivareta rettleiing av masteroppg?ver.
Vassdal er til dagleg tilsett som professor i bedrifts?konomi ved Handelsh?gskolen, Universitetet i Troms?. Han har ?g fr? tid til anna hatt diverse evalueringsoppdrag for NORAD i ulike mottakarland av norsk bistand ? mellom anna Sri Lanka, India, Mosambik, Gambia, Angola og Nicaragua.
Som forskar har professor Vassdal leia mange prosjekt – spesielt knytta til ?konomiske analyser av fiskeb?tar og foredlingsindustrien, ringvirkingsanalyser og ulike marknadsformer. Han har ogs? gjennomf?rt fleire produktivitetsanalyser av verksemder og einskilde bransjar.

H?gskolen i Harstad (HiH) skal v?re en lokal og regional vekstkraft. HiH skal, med forankring i nasjonal og global kunnskapsutvikling, tilby kompetanse, forskning og utvikling som styrker landsdelen.

Authors

Related posts

Top